søndag 31. januar 2010

Portemone

For ei stund sidan, (i fjor sommar eller sommaren før) hekla eg ei veske i grønn paris frå garnstudio. Veska vart eg ikkje så veldig fornøgd med, så den gjekk til fretex etter ei stund.

Restane av tråden har blitt til desse to portemoneane. Det er kun den eine som er ferdig, for eg manglar glidelås til den eine. Til pynt har eg hekla blomster i lilla og rosa svale. På bildet eg og foret til den uferdige portemoenen med. Oppskrifta til blomstrane fann eg på garnstudio, mens sjølve portemoenane var veldig enkle. Eg trur eg begynte oppe og hekla rundt nedover med fastmasker, og botnen er hekla sammen, ikkje sydd (syns det er litt kjedelig å montere strikk og hekl ;)).





Når ein strikkar litt og heklar litt og litt sånt, så har det jo ein tendens til å bli kjøpt inn strikke og hekletråd i høgare tempo enn kva det blir brukt. (tråd=garn i min dialekt, og derfrå navnet til bloggen. Høyrest liksom bedre ut med trådtrylleri enn garntrylleri..). Og eg har sikkert anslagsvis 6-7 kg med tråd liggande, så eg hadde liksom bestemt at no var det innkjøpsstop ei stund.

Innkjøpsstoppen varte heilt til eg såg på garnstudio at det er 40 % avslag på silke alpakka fram til 15 februar, fordi den skal gå ut. Her måtte det handlast. Som sagt så kjøpt, og sånn endte eg opp med 15 nøster silke alpakka i farge perlegrå. Fiiiine tråden :):):)


mandag 25. januar 2010

Sokkar med ekstra tjukk fot

Etter å ha strikka eit par av sokkane i Sock Innovation av Cookie A., så fikk eg en god ide (synest eg i alle fall då ...). Cookie A brukar ofte å strikke ein slags halvpatent eller heilpatent eller noko sånt når ho strikkar ned maskene til hælen. Dette prøvde eg i den oppskrifta eg følde, som ein kan sjå på øverste bilde her.

I alle fall, dette vart tjukkare enn vanlig glattstrikk, så til ideen;
Kvifor ikkje prøve å strikke heile foten slik, så får ein sokkar som er ekstra tjukke i foten?
Kanskje det kunne bli litt slik som kjøpesokkar med ullfrotte i sålen?
Som tenkt så gjort og strikka, og i går kveld var sokkane ferdige.



På bildet under kan ein sjå litt bedre overgangen frå vanleg glattstrikk til foten. Sokkane er strikka i silja strømpegarn på pinne nr 3. Sidan det er ulik strikkefastheit på vanleg glattstrikk og denne halvpatenten (viss det er det det heiter..), så måtte eg ha ein del fleire masker etter hælfellinga enn før. Dette fiksar ein ganske enkelt ved å ikkje felle like mange av dei opplukka maskene som vanlig.


Etter å ha testa sokkane i går kveld var eg ganske fornøgd. Akkurat som ullfrotte sokkar vart det ikkje, men eg fikk ein del av den effekten eg ville. Godt med tjukke sokkar på kalde golv:)

søndag 10. januar 2010

Ferdiga sokkar :)

No som det er lokal sterk nedkjøling kan det vere godt med heimestrikka sokkar. Sokkane eg blogga i forrige innlegg er ferdige :) Ikkje tok det alt for lang tid heller. Det vanskelegaste var overgangen til hælen. Som sagt i forrige innlegg, så strikka eg 4 eller 5 prøver for å få riktig strikkefastheit. Desverre traff eg nok ikkje heilt, litt vide vart dei desse sokkane. Men eg er fornøgd, det er mitt første par med fancy sokkar :):)





Eg har også tatt med eit bilete av eit par heilt vanlege sokkar. Desse sokkane er strikka i Sandnes Mini Palett. Dette må vere ein av dei finaste strikketrådane eg har sett. Ein absolutt favoritt.
Det er ikkje berre fine fargar, sokkane er gode og varme, og det gjekk fort å strikke til å vere strømpegarn. Tråden kom i 100g nøste, og det gjekk ein god del mindre enn eit heilt nøste til dette paret i str 36/37.


lørdag 2. januar 2010

Bilder :o)


I dag har eg avansert til å legge ut bilder på bloggen:)

Her ser ein den høgre sokken av det paret eg nevnte i forrige innlegg. Den venstre sokken er også påbegynt.

Sidan mønsteret på sokkane er speilvendt av kvarandre, så er det egentlig ikkje det same mønsteret på høgre og venstre sokken. Så langt verkar det som om eg har fått ulik strikkefastheit på høgre og venstre sokken. Dette prosjektet vert meir og meir spennade..




Til slutt tenkte eg å vise nokre bilder av gryteklutar, alle laga rett før jul.


Denne firkanta grytekluten med sommarfugl, er laga i en teknikk som heiter dobbeltstrikk (Det er berre ein gryteklut, det er eit bilde av kvar side). Ein legg opp dobbelt så mange masker som vanleg, annakvar maske er til framsida og annakvar maske er til baksida. Eigentleg blir begge sidene framside :) For å få rettstrikk på begge sider, slik eg har her, så strikkar ein annakvar maske rett og annakvar maske vrangt.



Oppskrift hadde eg ikkje, men eg var innspirert av ei oppskrift på ravelry. Desverre fekk eg ikkje til link, eg skal legge den ut når eg får til å lage linkar :P

Tilslutt bilde av nokre runde gryte klutar eg også laga, mens eg var i gong.




fredag 1. januar 2010

Første innlegg

Her kjem bloggen min. Det blir mykje strikking, men og hekling og alt anna eg finn på innimellom. Enn så lenge har eg ikkje komt heilt i gang. Håpar de kjem til å trivast her.

Akkurat no held eg på med sokkane som heiter Rick, i frå boka Sock innovation av Cookie A. Flotte sokkar men ikkje alle detaljane er like greie å halde orden på. Det er sjeldan eg rekkjer opp igjen, men den venstre sokken her brukte eg 5 forsøk på, før størrelsen vart passeleg til meg!! Spiralmønsteret på sokken gjer at den er mykje mindre tøyeleg enn vanleg ribbestrikk. Tilslutt enda eg opp med å bruke en ekstra mønsterrapport i forhold til mønsteret. Det var like før det ikkje vart nokon sokk i det heile... og det gjenstår å sjå korleis det går med dei ekstra maskene når hælen skal fellast. :O

Bilde kjem så snart det er tatt...


Benedikte