I dag har eg avansert til å legge ut bilder på bloggen:)
Her ser ein den høgre sokken av det paret eg nevnte i forrige innlegg. Den venstre sokken er også påbegynt.
Sidan mønsteret på sokkane er speilvendt av kvarandre, så er det egentlig ikkje det same mønsteret på høgre og venstre sokken. Så langt verkar det som om eg har fått ulik strikkefastheit på høgre og venstre sokken. Dette prosjektet vert meir og meir spennade..
Til slutt tenkte eg å vise nokre bilder av gryteklutar, alle laga rett før jul.
Denne firkanta grytekluten med sommarfugl, er laga i en teknikk som heiter dobbeltstrikk (Det er berre ein gryteklut, det er eit bilde av kvar side). Ein legg opp dobbelt så mange masker som vanleg, annakvar maske er til framsida og annakvar maske er til baksida. Eigentleg blir begge sidene framside :) For å få rettstrikk på begge sider, slik eg har her, så strikkar ein annakvar maske rett og annakvar maske vrangt.
Oppskrift hadde eg ikkje, men eg var innspirert av ei oppskrift på ravelry. Desverre fekk eg ikkje til link, eg skal legge den ut når eg får til å lage linkar :P
Tilslutt bilde av nokre runde gryte klutar eg også laga, mens eg var i gong.
Hei og velkomen til bloggverda. Så kjekt og litt skummelt at du har følgt med på bloggen min då! Alltid kjekt å "treffa" nye bloggarar, og blogging er jo kjempegøy. Håper du vil trivast her. Du har jo allerde laga mykje fint. Spennande mønster på sokkane, og gryteklutane var jo flotte dei og. Lukke til med blogginga :)
SvarSlettSå fine de sommerfuglgryteklutene var. Har ikke sett slike før.
SvarSlettNæmmen, so flink du e til å trylle! :)
SvarSlett