No som det er lokal sterk nedkjøling kan det vere godt med heimestrikka sokkar. Sokkane eg blogga i forrige innlegg er ferdige :) Ikkje tok det alt for lang tid heller. Det vanskelegaste var overgangen til hælen. Som sagt i forrige innlegg, så strikka eg 4 eller 5 prøver for å få riktig strikkefastheit. Desverre traff eg nok ikkje heilt, litt vide vart dei desse sokkane. Men eg er fornøgd, det er mitt første par med fancy sokkar :):)

Eg har også tatt med eit bilete av eit par heilt vanlege sokkar. Desse sokkane er strikka i Sandnes Mini Palett. Dette må vere ein av dei finaste strikketrådane eg har sett. Ein absolutt favoritt.
Det er ikkje berre fine fargar, sokkane er gode og varme, og det gjekk fort å strikke til å vere strømpegarn. Tråden kom i 100g nøste, og det gjekk ein god del mindre enn eit heilt nøste til dette paret i str 36/37.
Hei! Sokkane vart jo kjempeflotte. Eg har aldri strikka anna enn "vanlege sokkar", så eg nyt synet av alle slag fancy sokkar på bloggane. Strømpegarnet i dei andre sokkane såg jo lekkert ut.
SvarSlettDet ante meg at du visste kven eg er. Og eg lurte svært på kven du kunne vera, heilt til eg skulle kommentera på dette innlegget. Eg klikka meg først innpå det første innlegget ditt, og der hadde jo mr. Blue vore med ein kommentar! Då forsto eg det. Håper du vil trivart her i bloggverda :)